Heil sidan eg gjekk ut for å ta eit bilde av ei humle og kom heim med ein edderkopp <img src=''/img/arrow_link.gif'' border=''0''><a href=''/cgi-bin/bildekritikk/vis_bilde.cgi?id=18061'' target=''_blank''>bilde nr. 18061</a>, har eg jakta på eit godt humlebilde. Eg trur eg har 4-500 stk (Ein av fordelane med digitalt). Dette er eit eksempel eg tok for 5-10 min sidan. Eg trur det er ei jordhumle eller ei hagehumle. Denne humla saug nektar av ei nyblomstra Tromsø-palme og var uvanleg tam. Når humlene samlar proteinrik pollen, er dei ville og vimsette og vonde å få skarpe. Eg har nytta ein plast syltetøyboks med kvitt papir som softboks på ein gammal Vivitarblitz der ein kan stilla lysmengda med eit hjul.
Referere til dette bildet andre steder på foto.no: klipp og lim følgende tekst (ta med klammeparentesene): {bilde_13456} Det vil da bli automagisk laget en link til bildet fra teksten din.
Tromsøpalma var så høg at eg måtte stå på ein vaklevoren kjøkkenstol i ein skråning. (Stor fare for liv og lemmer)
Arvid